IndeksForsideCyperCu - ForsideCalendarGalleryHjelpMedlemslisteGrupperSøkBli MedlemLogg Inn

Share | 
 

 The Golden Compass - Anmeldelse

Vis Forrige Tema Vis Neste Tema Go down 
AvInnlegg
TechMaster
Administrator Ledelsen
Administrator Ledelsen


Female
Antall Innlegg : 365
Age : 23
Registration date : 20.10.2007

Min Besøks Informasjon (Min side)
Beste Mat:: Taco
Dårligst Mat:: Fisk :D
Søtest Jente:: Ehm.. :D

PosteTema: The Golden Compass - Anmeldelse   Søn Des 09, 2007 3:25 pm

The Golden Compass omtale
Teskt og Bilder: gamer.no



Jula er snart over oss, og med det kjem den tradisjonsrike spelmatiseringa av ein storslagen julefilm.
Langstrakte vidder med frost og snø møter deg i den siste storsatsinga frå New Line Cinema (selskapet som gav oss Ringenes Herre må vite). Om det er ein ting eg er sikker på etter mi eventyrferd gjennom spelmatiseringa av filmatiseringa av boktrilogien til Philip Pullman, er det at eg gledar meg til å sjå filmen The Golden Compass. Eg har òg ein mistanke om at musikken denne filmen (og spelet) byr på, vil bringe ei sterk kjensle av nostalgi og jul, til mange vaksne born i åra framover. Heksebowling på Xbox 360.



Men dette gjeld filmen, og det meste som er bra med spelet, kjem frå filmen. Det vil i størst grad seie musikken. Musikken er fantastisk. Eg elskar den, og kan ikkje ignorere den herlege kjensla eg får av den. Det er direkte magisk. Temaet i The Golden Compass er eit slikt meisterverk som borrar seg inn i alle kanalar, blir sitjande der, og etterlet deg med noko varig. Noko varig og godt.
Det er ikkje like mykje bra å seie om resten av spelet. Dette er ei spelmatisering i sann tradisjon, og det du får sjonglerar mellom det vi kan kalle god underhaldning og kjedeleg tidtrøyte der det ser ut til at utviklarane har gått på tomgang gjennom utviklingsprosessen.
Dyr i mange former


I The Golden Compass blir vi introduserte for jenta Lyra og dæmonen hennar Pan. I denne serien har alle menneske dæmonar. Dette er dyreskapningar som er knytte til ein person, og dei kjem i alle former. Nokre har kattar, andre har aper, medan dei ikkje fullt så snille menneska ser ut til å ende opp med ein ulv. I Lyra sitt tilfelle finn vi Pan, ein røyskattliknande skapning som kan skifte mellom sine fire former. For å handtere forskjellege situasjonar som dukkar opp kan Pan studere området i røyskattforma si, svinge seg mellom master i apeform, kjempe eller klatre i katteform, eller fly over korte distansar som ein hauk. Kjærleik kjenner ingen grenser på Wii.



Alle desse formene gir deg litt å leike deg med, men det kunne lett ha vore betre utforska. Det meste du gjer sender deg eigentleg berre ut i typiske plattformsekvensar vi har sett i mange spel allereie. Det at Pan skiftar mellom former er berre for syns skuld. Det eine unntaket er når Pan er i røyskattform. Dette let deg saumfare kvart område etter skjult informasjon, eller for å finne ut kva du skal gjere om du sit fast. Det heile gir spelet eit sterkt eventyrpreg i likheit med spel som til dømes Myst-serien. Å saumfare eit område blir samtidig svært viktig i forhold til kva heile serien handlar om: kompasset.
Kompasset let Lyra finne svar på mange spørsmål, men før ho kan stille kompasset eit spørsmål, må ho vite kva dei mange forskjellege symbola på kompasset betyr. Kvart symbol har tre tydingar, og du må leite fram desse tydingane for å finne svara på dei forskjellege spørsmåla. For å finne nye tydingar for eit symbol, må du leite etter ting som minnar om symbola. Dette kan vere alt frå ein globus på eit bord, til ein elefant på verdskartet. Når du har nok tydingar til å besvare spørsmålet, må du gjennom litt konsentrasjon og knappetrykking før svaret viser seg.
Symbola ligg strødd rundt omkring i heile spelet, og det å finne alle desse kan gi deg litt ekstra motivasjon, spesielt om du spelar på Xbox 360 der du får belønningspoeng om du finn mange av dei. Det er sjeldan du å bruke kompasset, noko som eigentleg er litt synd. For det meste gir det deg berre litt ekstra fyllmasse om verda, om du skulle ha interesse av det. Ioreks første møte med kjemiske våpen.



Av og til må Lyra snakke med folk for å kome seg vidare, og i mange av desse samtalene må ho overtale eller lure dei ho snakkar med. Når samtalene trer i kraft må du navigere deg gjennom forskjellege minispel der målet som regel er å slå eller flytte ei grøn kule. Om du skulle slite med dette kan du bruke forskjellege gjenstandar for å gjere det lettare. Du kan bruke gjenstandar som både gir deg meir tid på å utføre oppgåvene, eller gir deg fleire poeng for alt du får til.
Den kvite kongen


I tillegg til Lyra og Pan blir vi introduserte for ein anna viktig person. Isbjørnen Iorek er ein viktig skapning i The Golden Compass, og spelet er delt mellom di tid med Lyra, og tida du spelar som Iorek. Det kan sjå ut til at Shiny Entertainment har spelt litt King Kong før dei sette i gong med utviklinga av The Golden Compass, for det er mykje som liknar her. Iorek slår og kastar på fiendane i same stil som den enorme gorillaen, men her er det enkle kontrollsystemet frå King Kong strippa ned enda nokre hakk. Alt du eigentleg gjer er å slå mot fienden med ein einaste knapp. Om du skulle bli skoten på kan du blokkere, men det er sjeldan dette eigentleg blir nødvendig.
Resultatet er at Ioreks del av spelet fungerar, men den blir lett litt kjedeleg. Du hamrar laus mot fiendane, og byggjer opp bjørnen sitt raseri før han kan utføre eit hakket større angrep. Dessverre er det to ting som verkeleg trekk ned når det gjeld Iorek. Først og fremst er han treg. Han kan springe fort, men om du må snu deg for å jage fienden (noko som skjer ofte) er han veldig treg. Så treg at fienden kanskje har kome seg rundt han igjen. Når vi i desse situasjonane må handtere ein flokk med hekser som flyr raskare enn Iorek er i stand til å halde følgje, blir det ikkje eit heldig utfall. Stille før stormen.



Som dessverre ofte er tilfelle med spelmatiseringa av forskjelleg materiale, endar vi opp med ei historie som er både usamanhengande og vanskeleg å følgje med på. Om vi følgjer filmen slavisk kan eg ikkje seie, sidan eg verken har sett den, eller lest bøkene. Problemet med historieforteljinga i spelet er at det du får vite nærmast forventar av deg at du veit meir enn kva spelet fortel. Om du ikkje har sett filmen, eller lest boka, vil du fort sitje der utan å eigentleg vite kva Lyra, Pan og Iorek eigentleg driv på med. Du skjønar ikkje heilt kvifor du må hamle opp med akkurat desse slemmingane, eller kva motivasjonen deira er.
Når vi i tillegg blir servert opptil fleire kjapt samansette klipp frå filmen, blir det enda verre. Det er som å sjå på ein ny trailer kvar gong. Dei gir deg eit innblikk i kva som skjer, men ikkje nok til at du får eit godt bilete av situasjonen. Dette kan sjølvsagt vere gjort med meining sidan New Line Cinema vil du skal sjå filmen, men det hjelper ikkje spelet akkurat.
Små forskjellar


Dei forskjellege versjonane av The Golden Compass er i utgangspunktet heilt identiske, med små og kosmetiske forskjellar. Spelet ber sterkt preg av å vere utvikla for PlayStation 2 og Wii, noko som får spelet til å sjå bra ut på desse plattformene, men ikkje fullt så bra på Xbox 360. Dei einaste synlege forskjellane på Xbox 360-versjonen i forhold til dei andre versjonane er at du på kraftigare maskinvare kan slenge inn «bump mapping» og anna fiksfakseri. No har det seg slik at litt grafiske tryllekunstar ikkje alltid er i stand til å skjule dårleg arbeid, og det er definitivt tilfelle med The Golden Compass. Dei utvaska og detaljelause teksturane skrik mot deg i høg oppløysning. Ironisk nok er det mange ting som ser betre ut på Wii og PlayStation 2. Spesielt gjeld dette ansikta til personane i spelet, som er direkte skumle på Xbox 360. Ikkje få panikk.



Wii-versjonen har i tillegg forskjellar basert på korleis du kontrollerar spelet. Som Iorek kan du til dømes svinge Wiimoten for å angripe, sjølv om du kan velje å trykke på knappen i staden. På same måte kan du svinge med kontrollaren for å bruke Pan sine eigenskapar. Det er likevel tydeleg at det ikkje har vore viktig å få til eit særeige kontrollsystem for Wii. Med unntak av eit par sekvensar der du må balansere over smale stokkar, kan du fint spele heile spelet utan å løfte ei hand.
Utav dei forskjellege versjonane av The Golden Compass er det vanskeleg å seie kva for ein av dei som er «best». Alle har sine små fordelar og skavankar, men uheldigvis er det fleire skavankar enn fordelar. Spelet hakkar til tider som eit uvær både på Wii og PlayStation 2, og i tillegg til dette har alle versjonane små irritasjonsmoment. Over dei forskjellege versjonane finn vi i samtlege dialog og lyd som brått fell ut, og område som ikkje heilt heng saman. Til dømes kan du innsjå at Lyra brått går gjennom bakken og ned i avgrunnen.
Konklusjon


Det er som med dei fleste andre spel basert på ein eller anna stor film. Det er heilt OK, men aldri stort meir enn det. The Golden Compass har sine klåre høgdepunkt, spesielt når du leikar detektiv og leitar etter forskjellege symbol, men mange av spelets andre sider held dessverre ikkje same nivå. Både med Lyra og Iorek endar du opp med det same. Du får servert tradisjonell og ordinær plattform-action som aldri gjer eit oppriktig forsøk på å vere noko anna. Uansett kva du gjer har du både sett og gjort det før, og det einaste som verkeleg står i eit positivt lys er musikken, og det å utforske områda med Lyra. Når dette så blir brukt på skikkeleg minimalistisk vis, er det mange ting som minnar om ein sjanse til noko unikt, som har gått utviklarane hus forbi.
The Golden Compass er underhaldande, men ikkje i større grad enn at du bør vere fan av serien for å finne meir enn heilt grei tidtrøyte i det.
Merknad: The Golden Compass er òg tilgjengeleg for PC, PlayStation 3, PSP og DS, men dei utgåvene har vi ikkje fått anledning til å vurdere.

_________________
Mvh

Sigve
-----
God Jul
Til Toppen Go down
Vis Medlemmets Profil http://dbfe.topgoo.net
Gjest
Gjest



PosteTema: Re: The Golden Compass - Anmeldelse   Søn Des 09, 2007 4:45 pm

Jeg liker anmeldelsen din Wink
Til Toppen Go down
 
The Golden Compass - Anmeldelse
Vis Forrige Tema Vis Neste Tema Til Toppen 
Side 1 av 1

Permissions in this forum:Du kan ikke svare på temaer i dette forumet
 :: DIV :: Trash!-
Gå Til: